2972_bilde_lite.jpeg

Aurland

Aurland ligg fint til inst i Sognefjorden, sentralt på stamvegen mellom Bergen og Oslo (E-16). Kommunen har om lag 1700 innbyggjarar, og ein fantastisk natur byr på populære reisemål, der Flåmsbana, Aurlandsdalen og verdsarvområdet Nærøyfjorden er dei mest kjende.

Utsiktspunktet Stegastein (biletet) ligg på Snøvegen, Fv. 243, og er ein del av satsinga Nasjonale Turistvegar i regi av Statens Vegvesen. Ved sida av reiseliv og kommunal tenesteyting, er dei største næringsverksemdene knytt til kraft, anlegg og eit veksande grønt kompetansemiljø.

Verdas lengste bilvegtunnel, Lærdalstunnelen (24,5 km), knyter Aurland til ein variert arbeidsmarknad med industri i Årdal, landbruk og sjukehus i Lærdal, samt  større kunnskapsverksemder i regionsenteret Sogndal.
 

Stegastein ©Foto: Bjørn Andresen / Statens vegvesen

 

Viser resultat etter treff i "Aurland"

Aurland kommune

57 63 29 00 - Rådhuset, Aurlandsvangen, 5745 Aurland

Aurland ligg fint til inst i Sognefjorden, sentralt på stamvegen mellom Bergen ...


Aurland Helsetun

57 63 18 50 - Skjerdalsv. 31, 5745 Aurland


Aurland Barne- Og Ungdomsskule

57 63 18 00 - Skulevegen, 5745 Aurland


Aurland Folkebibliotek

57 63 18 40 - 5745 Aurland


Flåm Skule

57 63 21 60 - 5743 Flåm


Sogn Jord- Og Hagebruksskule

57 63 26 50 - Skulev. 24, 5745 Aurland



Aurland Energiverk AS

57 63 20 80 - Loven, 5745 Aurland


Vis alle treff for Aurland