2972_bilde_lite.jpeg

Aurland

Aurland ligg fint til inst i Sognefjorden, sentralt på stamvegen mellom Bergen og Oslo (E-16). Kommunen har om lag 1700 innbyggjarar, og ein fantastisk natur byr på populære reisemål, der Flåmsbana, Aurlandsdalen og verdsarvområdet Nærøyfjorden er dei mest kjende.

Utsiktspunktet Stegastein (biletet) ligg på Snøvegen, Fv. 243, og er ein del av satsinga Nasjonale Turistvegar i regi av Statens Vegvesen. Ved sida av reiseliv og kommunal tenesteyting, er dei største næringsverksemdene knytt til kraft, anlegg og eit veksande grønt kompetansemiljø.

Verdas lengste bilvegtunnel, Lærdalstunnelen (24,5 km), knyter Aurland til ein variert arbeidsmarknad med industri i Årdal, landbruk og sjukehus i Lærdal, samt  større kunnskapsverksemder i regionsenteret Sogndal.
 

Stegastein ©Foto: Bjørn Andresen / Statens vegvesen

 

Viser resultat etter treff i "Aurland" og "kommuner"

Aurland kommune

57 63 29 00 - Rådhuset, Aurlandsvangen, 5745 Aurland

Aurland ligg fint til inst i Sognefjorden, sentralt på stamvegen mellom Bergen ...


Vis alle treff for Aurland